4 Då Joram hadde stige opp på kongsstolen etter far sin og hadde trygt makta si, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av stormennene i Israel.
5 Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
6 Han fylgde den same vegen som Israels-kongane og bar seg like eins åt som Akabs-ætta. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
7 Men Herren ville ikkje rydja ut Davids-ætta, fordi han hadde gjort pakt med David og lova at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.
8 I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
9 Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene.
10 Likevel kom edomittane seg laus frå Juda og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus frå Joram, fordi han hadde vendt seg frå Herren, sine fedrars Gud.