1 Sidan gjorde Jerusalemsbuane Akasja, yngste son hans Joram, til konge etter han. For alle dei eldre sønene hadde vorte drepne av ein herjeflokk som kom til leiren saman med arabarane. Såleis vart Akasja, son til Joram, konge i Juda.
2 Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Omri.
3 Akasja òg fór fram som kongane av Akabs-ætta. For mora, som gav han råd, forførte han til gudløyse.
4 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, på same vis som etterkomarane etter Akab. For då faren døydde, vart dei rådgjevarane hans, til skade for han sjølv.
5 Det var deira råd han fylgde då han saman med Joram Akabsson, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Hasael, aramearkongen, og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.
6 Så fór han heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra han hadde fått ved Ramot då han stridde mot Hasael, aramearkongen. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram, son til Akab, medan han låg sjuk.