7 Men det var Gud som ville at Akasja skulle gå til grunne; difor laga han det så at han kom til Joram. For då han var komen dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu, son til Nimsji, som Herren hadde salva til å rydja ut Akabs ætt.
8 Og medan Jehu heldt på å setja i verk domen over Akabs-ætta, møtte han stormennene i Juda og brorsønene til Akasja, som var i teneste hjå kongen, og han drap dei.
9 Sidan leita han etter Akasja, og dei tok han i Samaria, der han hadde gøymt seg. Dei førte han til Jehu og drap han. Så gravla dei han; for dei sa: «Han er då ein etterkomar etter Josjafat, som søkte Herren av heile sitt hjarta.» No var det ingen att av Akasjas ætt som var før til å ta kongedømet.
10 Då Atalja, mor til Akasja, fekk vita at son hennar var død, sette ho seg føre å rydja ut heile kongsætta i Juda.
11 Men Josjabat, dotter til kongen, tok i løynd Joasj, son til Akasja, bort frå flokken av kongssøner som skulle drepast. Ho hadde han og fostermor hans inn i eit kammer. Der fekk Josjabat, syster til Akasja – ho var dotter til kong Joram og kona til presten Jojada – gøymt han for Atalja, så ho ikkje fekk drepe han.
12 Sidan var han hjå Josjabat i Guds hus. Han heldt seg løynd i seks år, medan Atalja styrte i landet.