3 gjorde alt folket som var samla, ei pakt med kongen i Guds hus. Og Jojada sa til dei: Denne kongssonen skal vera konge, så som Herren har sagt om Davids søner.
4 Høyr no kva de skal gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal halda vakt ved dørstokkane,
5 den andre tredjeparten ved kongsgarden, den tredje ved Jesod-porten og alt folket i føregardane til Herrens hus.
6 Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er heilage. Men alle dei andre må halda seg etter Herrens føresegn.
7 Levittane skal fylka seg rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i huset, skal han drepast. Dei skal fylgja kongen kvar han går og står.
8 Levittane og heile Juda-folket gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing; for presten Jojada hadde ikkje late noko av skifta fara heim.
9 Han gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som kong David hadde ått, og som var i Guds hus.