5 den andre tredjeparten ved kongsgarden, den tredje ved Jesod-porten og alt folket i føregardane til Herrens hus.
6 Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er heilage. Men alle dei andre må halda seg etter Herrens føresegn.
7 Levittane skal fylka seg rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i huset, skal han drepast. Dei skal fylgja kongen kvar han går og står.
8 Levittane og heile Juda-folket gjorde i eitt og alt som presten Jojada baud dei. Dei tok kvar sine menn, både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing; for presten Jojada hadde ikkje late noko av skifta fara heim.
9 Han gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som kong David hadde ått, og som var i Guds hus.
10 Og han lét alt folket stella seg opp, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av templet, bort imot altaret og huset, i ein ring kring kongen.
11 Så leidde Jojada og sønene hans kongssonen ut. Dei sette på han krona og gav han vitnemålet, kåra han til konge og salva han. Og folket ropa: «Leve kongen!»