12 Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å setja huset i stand og jern- og koparsmedar til å vøla det.
13 Arbeidsfolket gjekk til verket, og arbeidet hadde god framgang under hendene deira. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.
14 Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga reiskapar til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, og skåler og kar av gull og sølv. Sidan bar dei støtt fram brennoffer i Herrens hus, så lenge Jojada levde.
15 Jojada vart gamal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år då han døydde.
16 Dei gravla han i Davids-byen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel, for Gud og huset hans.
17 Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.
18 Så gav dei opp huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. For det brotet skuld kom Guds vreide over folket i Juda og Jerusalem.