15 Jojada vart gamal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år då han døydde.
16 Dei gravla han i Davids-byen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel, for Gud og huset hans.
17 Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.
18 Så gav dei opp huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. For det brotet skuld kom Guds vreide over folket i Juda og Jerusalem.
19 Herren sende dei profetar som skulle føra dei attende til han. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.
20 Då kom Guds Ande over Sakarja, son til presten Jojada. Og han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? På den måten går det dykk aldri vel. De har vendt dykk frå Herren; difor vender han seg frå dykk.»
21 Men dei svor seg saman mot han og steina han i føregarden til Herrens hus. Kongen baud dei gjera så.