2 Joasj gjorde det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada levde.
3 Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.
4 Då det leid av ei tid, sette Joasj seg føre å vøla Herrens hus.
5 Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå heile Israel til å setja i stand huset åt dykkar Gud etter som det trengst år om anna. De må skunda dykk å gjera det!» Men levittane skunda seg ikkje.
6 Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til lovteltet som Moses, Herrens tenar, og Israels-lyden har fastsett?
7 For den gudlause Atalja og sønene hennar har gjort stor skade på Guds hus og har jamvel teke dei heilage tinga i templet og nytta dei til Ba’al-gudane.»
8 Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.