23 Då året var ute, gjorde aramearane ei hærferd mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og rudde ut alle stormennene i folket. Alt hærfanget dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.
24 Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær, fordi folket i Juda hadde gått bort frå Herren, sin fedregud. Såleis vart straffedomen over Joasj sett i verk.
25 Då aramearane drog bort frå han og lét han liggja att i svær liding, svor tenarane hans seg saman mot han, fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Og dei drap han der han låg. Såleis døydde Joasj. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene.
26 Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit frå Moab.
27 Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda som vart tala mot han, og atterreisinga av Guds hus er det skrive i sogeverket om kongane. Amasja, son hans, vart konge etter han.