7 For den gudlause Atalja og sønene hennar har gjort stor skade på Guds hus og har jamvel teke dei heilage tinga i templet og nytta dei til Ba’al-gudane.»
8 Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.
9 Og det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at folket skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i øydemarka.
10 Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket, og dei kom med pengane og kasta dei i kista til ho var full.
11 Då bar levittane henne inn til embetsmennene åt kongen. Og kvar gong dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett inn, og tømde henne. Så tok dei og sette henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar.
12 Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å setja huset i stand og jern- og koparsmedar til å vøla det.
13 Arbeidsfolket gjekk til verket, og arbeidet hadde god framgang under hendene deira. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.