1 Amasja var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Joaddan og var frå Jerusalem.
2 Amasja gjorde det som rett var i Herrens augo, men ikkje med eit heilt hjarta.
3 Så snart han hadde fått kongedømet fast i si hand, drap han dei hoffmennene som hadde slege i hel far hans, kongen.
4 Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg etter det som står skrive i Mose lovbok, der Herren har gjeve dette påbodet: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.