15 Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende ein profet som sa til han: «Kvifor spør du gudane åt dette folket til råds, dei som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»
16 Men då profeten tala såleis til Amasja, sa han: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp med dette! Elles kan du verta ihelslegen.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å tyna deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»
17 Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joakas Jehuson. «Kom, lat oss prøva styrke med kvarandre!» sa han.
18 Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet attende til Amasja, Juda-kongen: «Klungeren på Libanon sende ein gong bod til sederen der og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men villdyra på Libanon kom farande og trakka ned klungeren.
19 Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»
20 Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.
21 Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.