19 Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte stormodig og vil vinna endå meir ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke? Du kjem berre til å falla, og judearane med deg.»
20 Men Amasja ville ikkje høyra på han. Det var Gud som laga det så; han ville la dei falla i fiendehand, fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.
21 Så drog Joasj, Israels-kongen, ut mot Amasja, Juda-kongen. Det kom til styrkeprøve mellom dei ved Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.
22 Judearane tapte for israelittane og rømde kvar til sitt.
23 Juda-kongen Amasja, son til Joasj Akasjason, vart teken til fange ved Bet-Sjemesj av Joasj, Israels-kongen, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned bymuren frå Efraims-porten til Hjørneporten, eit stykke på fire hundre alner.
24 Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.
25 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.