24 Og han tok alt gullet og sølvet og alle dei kar som fanst i Guds hus, hjå Obed-Edom, og i skattkammeret i kongsgarden. Gislar tok han òg med seg då han fór heim att til Samaria.
25 Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joakas, var død.
26 Det som elles er å seia om Amasja, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.
27 Etter at Amasja fall frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då rømde han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.
28 Så køyrde dei han derifrå med hestar, og han vart gravlagd i Davids-byen, der fedrane hans låg.