3 Så snart han hadde fått kongedømet fast i si hand, drap han dei hoffmennene som hadde slege i hel far hans, kongen.
4 Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg etter det som står skrive i Mose lovbok, der Herren har gjeve dette påbodet: Fedrar skal ikkje lata livet for det borna har gjort, og born ikkje for det fedrane har gjort. Kvar skal døy for si eiga synd.
5 Sidan samla Amasja folket i Juda og stelte dei opp, ættgrein for ættgrein, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra dei, så mange som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsmenn som kunne bruka spyd og skjold.
6 Dessutan leigde han i Israel hundre tusen djerve krigarar for hundre talentar sølv.
7 Då kom ein gudsmann til han og sa: «Lat ikkje Israels-hæren dra med deg, konge! For Herren er ikkje med Israel, ikkje med nokon av Efraims-sønene.
8 Men du skal dra ut og gå modig i striden! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»
9 Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til hærflokken frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»