8 Men du skal dra ut og gå modig i striden! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»
9 Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til hærflokken frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»
10 Då skilde Amasja ut den flokken som var komen til han frå Israel, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på Juda-mennene og fór av stad i fullt sinne.
11 Amasja tok no mot til seg og drog ut med hæren sin. Han kom til Saltdalen, og der hogg han ned ti tusen mann frå Se’ir.
12 Andre ti tusen tok judearane levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå, så dei slo seg i hel, alle saman.
13 Men nokre av israelittane som Amasja hadde sendt heim att, så dei ikkje fekk fylgja han på hærferda, dei tok til å herja i Juda-byane frå Samaria til Bet-Horon. Der hogg dei ned tre tusen mann og tok mykje hærfang.
14 Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, førte han gudane åt Se’ir-sønene med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, kasta seg ned for dei og ofra til dei.