1 Så tok heile Juda-folket og gjorde Ussia, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.
2 Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.
3 Ussia var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
4 Ussia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.
5 Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på syner frå Gud. Og så lenge han søkte Herren, lét Gud allting lukkast for han.
6 Ussia drog i hærferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar i Asjdod-bygda og andre stader i Filistarlandet.
7 Gud hjelpte han mot filistarane, mot dei arabarane som budde i Gur-Ba’al og mot me’unittane.