13 Under dei stod det ei hærmakt på 307 500 mann, som gjekk i striden med mot og makt til å hjelpa kongen mot fienden.
14 Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.
15 I Jerusalem fekk han laga kunstferdig uttenkte krigsmaskinar, som skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Og gjetordet om han nådde vide ikring; for han fekk hjelp på underfull vis, så makta hans vart stor.
16 Men då han hadde fått slik makt, vart hjarta hans så fullt av hovmod at han bar seg ille åt og sveik Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens heilagdom og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.
17 Men Asarja, presten, fylgde etter han og hadde med seg åtti andre av Herrens prestar, uredde menn.
18 Dei steig fram mot kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Arons-sønene, som er vigde til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hjå Herren din Gud.»
19 Då vart Ussia arg. Han stod alt med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men med det same han vart arg på prestane, braut det ut på panna hans ein hudsjukdom som gjorde han urein der han stod framfor prestane, attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.