20 Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, fordi Herren hadde råma han.
21 Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.
22 Det som elles er å seia om Ussia, frå fyrst til sist, det har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp.
23 Ussia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og dei gravla han på marka utanfor gravstaden åt kongane. For dei sa: «Han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.» Jotam, son hans, vart konge etter han.