8 Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han fekk større og større makt.
9 Ussia bygde tårn i Jerusalem, ved Hjørneporten og Dalporten og ved Kroken. Såleis gjorde han desse stadene sterke.
10 I øydemarka bygde han òg tårn og hogg ut mange brunnar; for han hadde mykje fe både i Sjefela og på høgsletta. Og han heldt arbeidsfolk som dyrka jorda og stelte vintrea på fjella og i hagane; for jordbruket låg han på hjarta.
11 Ussia hadde ein stridsbudd hær, som drog ut i krig i flokkar som var mønstra og talde av riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.
12 Dei ættehovdingane som var djerve stridsmenn, var 2 600 i talet.
13 Under dei stod det ei hærmakt på 307 500 mann, som gjekk i striden med mot og makt til å hjelpa kongen mot fienden.
14 Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.