1 Jotam var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.
2 Jotam gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Ussia, far hans, hadde gjort, så nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens tempel. Men folket heldt fram med å gjera det som vondt var.
3 Det var Jotam som bygde Øvre-porten i Herrens hus, og han arbeidde mykje på Ofel-muren.
4 Han bygde byar i Juda-fjella og sette opp borger og tårn i skogane.