6 Såleis vann Jotam stor makt, fordi han støtt ferdast for Herren sin Guds åsyn.
7 Det som elles er å seia om Jotam, om alle krigane hans og alt han tok seg føre, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.
8 Han var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år.
9 Jotam gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Akas, son hans, vart konge etter han.