1 Akas var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens augo, så som David, ættefar hans, hadde gjort,
2 men fór fram på same måten som Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Ba’al-gudane.
3 Han ofra i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.
4 Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5 Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han, tok ei mengd av folket hans til fange og førte dei til Damaskus. Like eins vart han gjeven i hendene på Israels-kongen, som vann ein stor siger over han.
6 Pekah, son til Remalja, felte på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve karar. Så gjekk det fordi dei hadde svike Herren, sine fedrars Gud.
7 Sikri, ein krigar frå Efraim, felte Ma’aseja, kongssonen, og Asrikam, slottshovdingen, og Elkana, som var nest etter kongen.