12 Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram: Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai. Dei vende seg til dei som var komne heim att frå hærferda,
13 og sa: «Kom ikkje hit med fangane! De tenkjer visst å føra større synd og skuld over oss som alt har så mykje å svara for hjå Herren. Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»
14 Då sleppte krigarane fangane fri og gav frå seg det hærfanget dei hadde røva, midt for augo på hovdingane og heile folkehopen.
15 Og dei mennene som nett er nemnde, kom og tok seg av fangane. Dei tok klede av hærfanget og hadde på alle som var nakne. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Sidan fór dei heim att til Samaria.
16 På den tid sende kong Akas bod til assyrarkongen og bad om hjelp.
17 For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.
18 Og filistarane herja Juda-byane, både i Sjefela og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, like eins Soko med småbyane ikring og Timna og Gimso, begge med småbyane som høyrde til. Og dei busette seg der.