15 Og dei mennene som nett er nemnde, kom og tok seg av fangane. Dei tok klede av hærfanget og hadde på alle som var nakne. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Sidan fór dei heim att til Samaria.
16 På den tid sende kong Akas bod til assyrarkongen og bad om hjelp.
17 For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.
18 Og filistarane herja Juda-byane, både i Sjefela og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, like eins Soko med småbyane ikring og Timna og Gimso, begge med småbyane som høyrde til. Og dei busette seg der.
19 For Herren ville audmykja Juda av di kong Akas hadde ført folket vilt og vore trulaus mot Herren.
20 Så kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, mot han; men han skapte naud og trengsle i staden for å hjelpa.
21 Endå Akas plyndra både Herrens hus og kongsgarden og tok frå stormennene og gav til assyrarkongen, så hjelpte det ikkje.