16 På den tid sende kong Akas bod til assyrarkongen og bad om hjelp.
17 For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.
18 Og filistarane herja Juda-byane, både i Sjefela og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, like eins Soko med småbyane ikring og Timna og Gimso, begge med småbyane som høyrde til. Og dei busette seg der.
19 For Herren ville audmykja Juda av di kong Akas hadde ført folket vilt og vore trulaus mot Herren.
20 Så kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, mot han; men han skapte naud og trengsle i staden for å hjelpa.
21 Endå Akas plyndra både Herrens hus og kongsgarden og tok frå stormennene og gav til assyrarkongen, så hjelpte det ikkje.
22 Jamvel i denne harde tida heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Akas.