2 men fór fram på same måten som Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Ba’al-gudane.
3 Han ofra i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.
4 Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5 Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han, tok ei mengd av folket hans til fange og førte dei til Damaskus. Like eins vart han gjeven i hendene på Israels-kongen, som vann ein stor siger over han.
6 Pekah, son til Remalja, felte på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve karar. Så gjekk det fordi dei hadde svike Herren, sine fedrars Gud.
7 Sikri, ein krigar frå Efraim, felte Ma’aseja, kongssonen, og Asrikam, slottshovdingen, og Elkana, som var nest etter kongen.
8 Israelittane drog av med to hundre tusen fangar som dei hadde teke mellom frendane sine, og konene, sønene og døtrene deira. Dei reiv òg til seg stort hærfang, som dei tok med til Samaria.