20 Så kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, mot han; men han skapte naud og trengsle i staden for å hjelpa.
21 Endå Akas plyndra både Herrens hus og kongsgarden og tok frå stormennene og gav til assyrarkongen, så hjelpte det ikkje.
22 Jamvel i denne harde tida heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Akas.
23 Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Det er gudane åt aramearkongane som har hjelpt dei; no vil eg ofra til dei, så hjelper dei meg.» Men dei vart til ulukke for han og for heile Israel.
24 Akas samla òg alle dei kar som var i Guds hus, og slo dei sund. Han stengde dørene til Herrens hus og laga seg altar på kvart gatehjørne i Jerusalem.
25 Og i kvar einaste by i Juda laga han haugar som han ofra på til framande gudar. Såleis harma han Herren, sin fedregud.
26 Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.