24 Akas samla òg alle dei kar som var i Guds hus, og slo dei sund. Han stengde dørene til Herrens hus og laga seg altar på kvart gatehjørne i Jerusalem.
25 Og i kvar einaste by i Juda laga han haugar som han ofra på til framande gudar. Såleis harma han Herren, sin fedregud.
26 Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.
27 Akas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; for dei ville ikkje leggja han i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han.