4 Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.
5 Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han, tok ei mengd av folket hans til fange og førte dei til Damaskus. Like eins vart han gjeven i hendene på Israels-kongen, som vann ein stor siger over han.
6 Pekah, son til Remalja, felte på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve karar. Så gjekk det fordi dei hadde svike Herren, sine fedrars Gud.
7 Sikri, ein krigar frå Efraim, felte Ma’aseja, kongssonen, og Asrikam, slottshovdingen, og Elkana, som var nest etter kongen.
8 Israelittane drog av med to hundre tusen fangar som dei hadde teke mellom frendane sine, og konene, sønene og døtrene deira. Dei reiv òg til seg stort hærfang, som dei tok med til Samaria.
9 Der var ein av Herrens profetar, som heitte Oded. Han gjekk til møtes med hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr her! Fordi Herren, dykkar fedregud, var harm på Juda-folket, gav han dei i dykkar vald. Men de har herja og drepe mellom dei med slikt sinne at det har nått heilt til himmelen.
10 Og no tenkjer de på å tvinga folket i Juda og Jerusalem til å vera trælar og trælkvinner for dykk! Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud?