1 Hiskia vart konge då han var tjuefem år gamal, og han styrte i Jerusalem i tjueni år. Mor hans heitte Abia og var dotter til Sakarja.
2 Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.
3 I det fyrste styringsåret sitt, i den fyrste månaden, opna han atter dørene til Herrens hus og sette dei i stand.
4 Så sende han bod etter prestane og levittane, samla dei på den opne plassen i aust
5 og sa til dei:Høyr på meg, de levittar! Helga no fyrst dykk sjølve, og helga så huset åt Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!
6 For fedrane våre har bore seg trulaust åt. Dei har gjort det som vondt er i Herrens augo, og skilt seg frå han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snutt ryggen til han.
7 Dei har jamvel stengt dørene til forhalla og sløkt lampene; dei har ikkje brent røykjelse og ikkje bore fram brennoffer for Israels Gud i heilagdomen.