10 Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.
11 Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han.
12 Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah,
13 av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja,
14 av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.
15 Dei samla brørne sine og helga seg, og så gjekk dei inn og reinsa Herrens hus, som kongen hadde sagt dei etter Herrens ord.
16 Prestane gjekk inn i Herrens hus og ville reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.