17 Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg, og den åttande dagen gjekk dei inn i forhalla til Herrens hus. Så helga dei templet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige.
18 Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «No har vi reinsa heile Herrens hus og brennofferaltaret med alt som til høyrer, og skodebrødsbordet med alt som til høyrer.
19 Og alle dei kar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga den tid han rådde for riket, dei har vi vølt og helga, og no står dei framfor Herrens altar.»
20 Tidleg andre morgonen samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus.
21 Dei hadde med seg sju oksar, sju verar, sju lam og sju bukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for folket i Juda. Og kongen baud Arons-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar.
22 Dei slakta då oksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret. Så slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og det same gjorde dei med lamma.
23 Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og lyden. Dei la hendene sine på dei,