19 Og alle dei kar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga den tid han rådde for riket, dei har vi vølt og helga, og no står dei framfor Herrens altar.»
20 Tidleg andre morgonen samla kong Hiskia stormennene i byen og gjekk opp til Herrens hus.
21 Dei hadde med seg sju oksar, sju verar, sju lam og sju bukkar til syndoffer for riket, for heilagdomen og for folket i Juda. Og kongen baud Arons-sønene, prestane, å ofra dei på Herrens altar.
22 Dei slakta då oksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret. Så slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og det same gjorde dei med lamma.
23 Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og lyden. Dei la hendene sine på dei,
24 og prestane slakta dei og skvette blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile folket.
25 Samstundes lét han levittane stella seg opp i Herrens hus med cymblar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde føreskrive. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.