22 Dei slakta då oksane, og prestane tok imot blodet og skvette det på altaret. Så slakta dei verane og skvette blodet på altaret, og det same gjorde dei med lamma.
23 Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og lyden. Dei la hendene sine på dei,
24 og prestane slakta dei og skvette blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile folket.
25 Samstundes lét han levittane stella seg opp i Herrens hus med cymblar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde føreskrive. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.
26 Så stod då levittane der med dei instrumenta David hadde fastsett, og prestane med trompetar.
27 Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, røysta dei i songen for Herren, til tonar frå trompetane og dei andre instrumenta David, Israels konge, hadde fastsett.
28 Heile lyden kasta seg ned, og songen ljoma og trompetane klang; alt dette heldt ved til ofringa var slutt.