24 og prestane slakta dei og skvette blodet deira på altaret som syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile folket.
25 Samstundes lét han levittane stella seg opp i Herrens hus med cymblar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren åt kongen, og Natan, profeten, hadde føreskrive. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.
26 Så stod då levittane der med dei instrumenta David hadde fastsett, og prestane med trompetar.
27 Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, røysta dei i songen for Herren, til tonar frå trompetane og dei andre instrumenta David, Israels konge, hadde fastsett.
28 Heile lyden kasta seg ned, og songen ljoma og trompetane klang; alt dette heldt ved til ofringa var slutt.
29 Då dei hadde bore fram offeret, la dei seg på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han.
30 Så baud kong Hiskia og stormennene at levittane skulle lovsyngja Herren med ord av David og sjåaren Asaf. Og dei lova han med glede og bøygde seg i tilbeding.