31 Då tok Hiskia til ords og sa: «No har de hendene fulle av gåver til Herren. Kom hit og ha med dykk slaktoffer og takkoffer til Herrens hus!» Då kom lyden med slaktoffer og takkoffer, og alle som kjende seg drivne til det, hadde med seg brennoffer òg.
32 Talet på dei brennofferdyr som lyden bar fram, var: sytti oksar, hundre verar og to hundre lam. Alt dette var etla til brennoffer for Herren.
33 Dei andre offergåvene som vart framborne, var seks hundre oksar og tre tusen sauer.
34 Men prestane var for få til å flå alle offerdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført, og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde synt ærlegare vilje til å helga seg enn prestane.
35 Så var det då òg ei mengd med brennoffer å bera fram, og attåt dei kom feittet av måltidsoffera og like eins drikkofferet som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk.
36 Og Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket; for alt hadde gått så snøgt.