8 Difor er Herrens vreide komen over Juda og Jerusalem, og han har gjeve folket over til redsle, tyning og spott, som de ser det med eigne augo.
9 Sjå, fedrane våre er falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.
10 Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.
11 Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han.
12 Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah,
13 av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja,
14 av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.