1 Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet. Det var der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde samla vyrke, på treskjevollen til jebusitten Ornan.
2 Det var i den andre månaden i det fjerde året av kongedømet sitt han tok til med bygginga.
3 Såleis var grunnvollen Salomo la då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner etter gamalt mål og breidda tjue alner.
4 Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og tjue alner høg. Innvendes kledde han henne med reint gull.
5 Sjølve tempelromet kledde han med sypressbord og la det med ekte gull og sette palmer og kjeder på det.
6 Han prydde romet med dyre steinar, og gullet han bruka, var kome frå Parvajim.
7 Heile romet, både bjelkane, dørstokkane, veggene og dørene kledde han med gull, og på veggene skar han ut kjerubar.