1 Så sende Hiskia bod ikring i Israel og Juda. Til Efraim og Manasse skreiv han òg brev og bad dei koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påske for Herren, Israels Gud.
2 Kongen og stormennene hans og heile lyden hadde vorte samde om å høgtida påskehelga i den andre månaden.
3 For dei kunne ikkje gjera det med det same, av di det endå ikkje var prestar nok som hadde helga seg, og folket ikkje var samla i Jerusalem.
4 Det tykte både kongen og alt folket var rett.
5 Difor sette dei seg føre å ropa ut i heile Israel, frå Be’er-Sjeba til Dan, at folk skulle koma og halda påske for Herren, Israels Gud, i Jerusalem. For dei hadde ikkje halde den høgtida i samla flokk, så som føreskrive er.
6 Så skunda sendeboda seg av stad med breva frå kongen og stormennene hans. Etter kongens føresegn fór dei ikring i heile Israel og Juda og sa: De israelittar, vend om til Herren, Abrahams, Isaks og Israels Gud, så han kan venda seg til den leivningen av dykk som har berga seg unna assyrarkongen og hans velde.
7 Ver ikkje de liksom fedrane og brørne dykkar! Dei sveik Herren, sin fedregud, så han lét dei gå til grunne, som de sjølve ser.