10 Sendeboda skunda seg no ikring frå by til by i Efraim og Manasse og heilt til Sebulon. Men folk berre lo åt dei og spotta dei.
11 Det var berre nokre få i Asjer, Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem.
12 I Juda òg var Guds hand verksam, og han gav folket ein og same hug, så dei gjorde det som kongen og stormennene etter Herrens ord hadde sagt.
13 Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd.
14 Fyrst fekk dei bort dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.
15 Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle. Dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.
16 Dei stelte seg på den staden dei skal ha etter det som er føreskrive i lova av Moses, gudsmannen. Og prestane skvette blodet som levittane gav dei.