16 Dei stelte seg på den staden dei skal ha etter det som er føreskrive i lova av Moses, gudsmannen. Og prestane skvette blodet som levittane gav dei.
17 Det var mange i lyden som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, så dei kunne helga dei åt Herren.
18 For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Dei åt påskelammet utan å bry seg om det som var føreskrive. Men Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god; han vil nok tilgje
19 kvar den som av heile sitt hjarta søkjer Herren Gud, sin fedregud, endå om han ikkje er rein så som det krevst i heilagdomen.»
20 Og Herren høyrde bøna til Hiskia og sparte folket.
21 Såleis høgtida dei israelittane som var i Jerusalem, usyrdebrødshelga i sju dagar, og dei gjorde det med stor glede. Og levittane og prestane lova og prisa Herren dag etter dag til tonane frå sterke instrument.
22 Hiskia tala venleg til alle dei levittane som hadde synt dugleik i Herrens teneste. I sju samfulle dagar heldt dei høgtid. Dei slakta måltidsoffer og lova Herren, sin fedregud.