20 Og Herren høyrde bøna til Hiskia og sparte folket.
21 Såleis høgtida dei israelittane som var i Jerusalem, usyrdebrødshelga i sju dagar, og dei gjorde det med stor glede. Og levittane og prestane lova og prisa Herren dag etter dag til tonane frå sterke instrument.
22 Hiskia tala venleg til alle dei levittane som hadde synt dugleik i Herrens teneste. I sju samfulle dagar heldt dei høgtid. Dei slakta måltidsoffer og lova Herren, sin fedregud.
23 Men så samdest heile lyden om å halda høgtid endå i sju dagar, og dei heldt høgtid og var glade i sju dagar til.
24 Hiskia, kongen i Juda, gav lyden tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav dei tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg.
25 Så var dei glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel, og innflyttarane, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda.
26 Gleda var stor i Jerusalem; for noko slikt hadde ikkje hendt dei sidan den tid Salomo, son til David, var konge i Israel.