24 Hiskia, kongen i Juda, gav lyden tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav dei tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg.
25 Så var dei glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel, og innflyttarane, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda.
26 Gleda var stor i Jerusalem; for noko slikt hadde ikkje hendt dei sidan den tid Salomo, son til David, var konge i Israel.
27 Og prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad.