7 Ver ikkje de liksom fedrane og brørne dykkar! Dei sveik Herren, sin fedregud, så han lét dei gå til grunne, som de sjølve ser.
8 Ver no ikkje stridlyndte som fedrane dykkar! Gjev Herren handa og kom til heilagdomen hans, som han har helga for alle tider. Og ten Herren dykkar Gud, så den brennande vreiden hans må venda seg frå dykk.
9 For når de vender om til Herren, skal brørne og sønene dykkar møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei får koma heim att til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje sitt åsyn bort frå dykk, så sant de vender om til han.
10 Sendeboda skunda seg no ikring frå by til by i Efraim og Manasse og heilt til Sebulon. Men folk berre lo åt dei og spotta dei.
11 Det var berre nokre få i Asjer, Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem.
12 I Juda òg var Guds hand verksam, og han gav folket ein og same hug, så dei gjorde det som kongen og stormennene etter Herrens ord hadde sagt.
13 Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd.