1 Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei knasa steinstøttene, hogg sund Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara både i heile Juda og i Benjamin, Efraim og Manasse, til det ingenting var att av dei. Så fór alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.
2 Sidan skipa Hiskia preste- og levittskifta som det hadde vore før. Kvar prest og levitt fekk si serskilde oppgåve med å bera fram brennoffer og måltidsoffer, halda gudsteneste og syngja Herrens lov og pris ved portane til leiren hans.
3 Kongen gav ein del av det han åtte, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene, så som skrive står i Herrens lov.
4 Han baud òg folket som budde i Jerusalem, å gje prestane og levittane det dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.
5 Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med fyrstegrøde i stor mengd, av korn og druesaft, olje og honning og alt det dei elles dyrka på marka. Dei bar fram rikeleg med tiend av alt.