17 Prestane var oppskrivne i listene etter ættgreinene sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter dei pliktene dei hadde i skifta sine.
18 Alle var oppskrivne med heile huslyden sin, med koner, søner og døtrer. For med truskap skulle dei via seg til det heilage.
19 For dei av Arons-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by oppnemnt nokre menn som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteætt, og på alle som var oppskrivne i levittlistene.
20 Såleis gjekk Hiskia fram i heile Juda. Og han gjorde det som Herren hans Gud heldt for godt og rett og sant.
21 I alt han tok seg føre, anten det galdt tenesta i Guds hus, eller det galdt lova og boda, la han vinn på å tena sin Gud av heile sitt hjarta, og det lukkast for han.