2 Sidan skipa Hiskia preste- og levittskifta som det hadde vore før. Kvar prest og levitt fekk si serskilde oppgåve med å bera fram brennoffer og måltidsoffer, halda gudsteneste og syngja Herrens lov og pris ved portane til leiren hans.
3 Kongen gav ein del av det han åtte, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene, så som skrive står i Herrens lov.
4 Han baud òg folket som budde i Jerusalem, å gje prestane og levittane det dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.
5 Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med fyrstegrøde i stor mengd, av korn og druesaft, olje og honning og alt det dei elles dyrka på marka. Dei bar fram rikeleg med tiend av alt.
6 Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe og kom med heilage gåver som var vigde til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.
7 I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande var dei ferdige.
8 Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans.