7 I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande var dei ferdige.
8 Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans.
9 Og då Hiskia spurde prestane og levittane om desse haugane,
10 svara Asarja, øvstepresten, som høyrde Sadok-ætta til: «Sidan dei tok til å koma med gåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»
11 Så sa Hiskia at dei skulle laga opplagsrom i Herrens hus. Og då det var gjort,
12 kom folket ærleg og greitt med avgifter, tiend og heilage gåver og la dei der. Den som hadde tilsyn med dette, var levitten Konanja og nest etter han Sjimi, bror hans.
13 Men under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Det var kong Hiskia og Asarja, forstandaren i Guds hus, som hadde sett dei til det.