9 Og då Hiskia spurde prestane og levittane om desse haugane,
10 svara Asarja, øvstepresten, som høyrde Sadok-ætta til: «Sidan dei tok til å koma med gåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»
11 Så sa Hiskia at dei skulle laga opplagsrom i Herrens hus. Og då det var gjort,
12 kom folket ærleg og greitt med avgifter, tiend og heilage gåver og la dei der. Den som hadde tilsyn med dette, var levitten Konanja og nest etter han Sjimi, bror hans.
13 Men under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Det var kong Hiskia og Asarja, forstandaren i Guds hus, som hadde sett dei til det.
14 Levitten Kore, son til Jimna, som heldt vakt ved austporten, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvene til Gud. Han skulle dela ut offergåvene som Herren fekk, og dei høgheilage gåvene.
15 Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja. Dei skulle vera tillitsmenn i prestebyane og dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift,